Østabøstølen

Til venstre i stølshuset er høysvola, der dei hadde høyet. På midten innanfor det litle glaset og bort til døra, var opphaldsrommet til folka. Til høgra for døra hadde dei reiskap o.l. Bak stølshuset er Jodå. (Malt av Olav Gunnarson Østebø ca 1948.

Fra Ættesoga - bind 1 (s. 337)... Stølen ligger vakkert til i en utvidelse av dalføret en liten mil fra Østebøgardene. Her hadde en både slåttemarker og god plass til stølsbeite for ku, geit og sau. Gunnar L Østebø fortalte: "Om våren hadde dei først kyrne inne på Tangen, Gaudøynå. Tidlegare mjøla dei der og bar mjølka heim. Endå tidlegare var dei på Brekkå med kyrne på føresommaren. Då var dei opp og mjølka morgon og kveld, og bar mjølka heim. Der hadde dei og geitene med, men det var før mi tid. Ho mor var med der, oppå Brekkå.

Når me var ferdige med slåtten heime i slutten av juli, var det å taka inn til stølen først i august. Alle som kunne var med til støls, og forutan kyrne hadde dei med seg både høns og gris. Slåtten på stølen tok til då, og det vart slege på Legå og inni Born. Slåtten varde ei tri vekes tid. Stølstida varde til me sanka smalen heim så midt i september.

Oppi Hæstkvæven der med hadd slått, slo me og stekte høyet i 5 stakkar. I ein høystakk kunne det vera ti sekker høy. Når det var passeleg snøøføre, gjerne seint på hausten før jul tok med det heim på sleden. Det var ti høysekker på eit sledelass. Når det leid utpå vinteren var det ringare å koma fram med hest og slede på grunn av alt snøen hadde blese seg til i skeive fenner på veien.

Men det var sakte nokre få løer på stølen. Dei hadde sin plass, bygd innåt stølshusa. Huset vårt stod for seg sjølv, og med to rom - eldhusrommet der det var eldstad midt på tufta, og røyken steig opp og kom ut i ljoren. I den eine enden av rommet var liggjeplassen med ein stokk framføre. Her kunne det vera plass til fleire med natta.

Me var i "stødlen" med molkekyrne og nokre få geiter i 1926-1927. Så vart det slutt meddi at ysteriet kom i Byrkjedal, og då vart det og vanleg mjølkelevering frå Østabø.

Det siste med slo på stølen var under krigen - i 1940-åra. Eg trur at det var dei hjå han Magnus som var den siste som slo på Stølen... ja, ja hjå han Ingebret var det vel like lenge